Slide background
Slide background
Slide background
Slide background
Slide background

inngang - øst

https://www.firdaposten.no/solbakken-asylmottak/asylpolitikk/flora-kommune/floro-far-nytt-asylmottak/s/5-16-324435

 Av Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

– No blir det masse arbeidsplassar og aktivitet, jublar styreleiar i KF Innvandrarsenteret, Ronny Cassells.

 

Onsdag ettermiddag kom nyheita; Flora har fått ny rammeavtale med UDI om drift av asylmottak i Florø.

– Dette er ein langvarig avtale, på 5 + 2 + 2 år. Så dette betyr masse arbeidsplassar og aktivitet. Dette er svære greier. Ein særdeles god nyheit! fortel ein jublande Cassells.

Avtalen Florø får er på drift av eit basismottak. UDI vil ha fire-fem slike i kvar region, som skal vere grunnfjellet i mottaksstrukturen i Norge.

Cassells meiner dette betyr at avtalen er ekstra trygg og langsiktig avtale – at det då nærast er umogleg å legge ned mottaket.

Tidlegare har UDI operert med tremånadersavtalar. No vert avtalen på nærare ti år – det betyr at kommunen kan bygge opp til ei langsiktig og trygg mottaksdrift for både tilsette og bebuarar.

16. juli skal styreleiaren i KF Innvandrarsenteret til Bergen for å signere kontrakten. Då veit han truleg meir om oppstart og drift.

Tusen plassar på fem mottak

Cassells trur omfanget av plassar vil vere omtrent som tidlegare, med 110–130 plassar på det jamne, med moglegheit for å auke opp mot nærare 200 ved behov.

– UDI skal opprette 1.000 mottaksplassar på Vestlandet, fordelt på fem ulike mottak. Ein del detaljar og mindre underkontraktar står att før alle detaljane er på plass, fortel han.

Med ringverknadane medrekna trur Cassells mottaket betyr 30 arbeidsplassar. Rundt ni direkte på drifta, pluss ulike støttefunksjonar, lærarar med meir. For bebuarane skal ha mat, bustad, kle, barnehage og ulike andre tenester.

– Alt det statlege blir plukka vekk frå Florø. Då er det godt at noko går andre vegen òg. Så dette er ein stor dag!, seier Cassells.

I anbodsrunden har Flora kommune fått tilbakemelding på at dei var blant dei beste både på pris og på det faglege.

 

– Så vi var eigentleg ganske trygge på å få ein avtale. Vi visste at vi rula!

I tillegg til mottaksavtalen har Innvandrarsenteret fått tilsegn på statlege pengar til fleire ulike prosjekt den siste tida. Mellom anna 585.000 kr årleg i nokre år til fritidstilbod til einslege mindreårige, og pengar til kompetansesenteret dei har bygd opp i organisasjonen.

– Vi er veldig glade for kvar gong vi får slike prosjektmidlar. Det betyr både nye stillingar og ny aktivitet, og betre flyktning- og busettingsarbeid, seier Cassells.

– Eg er veldig stolt!

Også ordførar Ola Teigen (Ap) jublar over nyheita.

– Eg er letta og glad, og veldig stolt. Eg synst dette er veldig kjekt, seier Teigen.

I anbodsprosessen har Flora scora svært bra på kriteria bemanning og plan for integrering.

– Det er jo dette vi er best på. Eg er stolt av at vi har så flinke folk! I konkurranse med mange andre store, profesjonelle aktørar, så hadde vi det nest beste av alle tilboda. Vi har hevda oss særdeles godt, seier ordføraren.

– Arild Melvær i KF Innvandrarsenteret og Gjermund Veka ved bustadkontoret har gjort ein formidabel jobb i denne saka. Verkeleg, skryt han.

Eit nytt asylmottak med rundt 150 plassar betyr mykje for Florø, meiner ordføraren.

– Vi har drive mottak sidan 1993. Vi er veldig flinke på det, og florøfolk har eit nært forhold til mottaket. Vi har klart å få til ein heilskapleg tanke i integreringa, og er gode på det. Så har det også hatt positiv betydning for kommuneøkonomien vår, vi har kunne bygge opp gode, robuste tenester, seier han.

  Firdaposten
Slide background

KONTAKT OSS


BESØKSADRESSE:
Florø Idrettssenter
Professor Gjelsvikvegen 20
6906 Florø


POSTADRESSE:
Markegata 51, 6905 Florø
57 75 66 60 - telefon
57 75 66 61 - faks

e-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

org.nr 971 362 030


Kontaktskjema

Facebook side

Kart


Slide background

KONTAKT OSS


BESØKSADRESSE:
Florø Idrettssenter
Professor Gjelsvikvegen 20
6906 Florø


POSTADRESSE:
Markegata 51, 6905 Florø
57 75 66 60 - telefon
57 75 66 61 - faks

e-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

org.nr 971 362 030


Kontaktskjema

Facebook side

Kart


Slide background

KONTAKT OSS


BESØKSADRESSE:
Florø Idrettssenter
Professor Gjelsvikvegen 20
6906 Florø


POSTADRESSE:
Markegata 51, 6905 Florø
57 75 66 60 - telefon
57 75 66 61 - faks

e-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

org.nr 971 362 030


Kontaktskjema

Facebook side

Kart