Frå oktober 2018 vil alle deltakarar i introduksjonsprogram og alle elevar som får norskopplæring, vere to dagar i veka ute i språkpraksis. Dette vil gjelde alle som har klart minst A1 nivå i norsk, slik at dei har eit minimum av norskkunnskapar når dei møter på ein arbeidsstad. Vi prøver å finne ein språkpraksisplass som liknar mest mulig på det yrket eller den karrierevegen deltakarane har ønska seg i den individuelle planen alle skal ha. Deltakaren vil få oppfølging på praksisplassen frå lærar med jamne mellomrom, og arbeidsstaden vil få oppfølging frå praksiplasskoordinator. Grunngjevinga for denne omlegginga er at deltakarane skal praktisere norsk i ein naturleg samanheng, lære yrkesrelaterte faguttrykk, og ikkje minst bygge seg nettverk i lokalsamfunnet. Slike nettverk er avgjerande for å få seg ein ordinær jobb etter at opplæringa er ferdig.